Knask på ein fredag: Oktober

Grunnen til lite oppdateringar er ikkje fordi det er lite som rører seg i den digitale verda, tvert om, det er heller den evig manglande tida. Men, som nemnt, kjem det her ei grei mengde knask frå oktober:

Type/Code

Type/Code er eit byrå med ei fin blanding av designarar og programmerarar som har som mål å skape innovative kommunikasjonsløysingar utifrå tøffe utfordringar. Dei held til i New York, og eit utdrag av arbeid dei har utført kan sjåast på den veldig «kartotek»-inspirerte sida deira her.

Hexaflexagon

Lite å finne på seier du? Her er eit døme på eit heilt vanleg tidsfordriv på ein ellers så grå, trist og vindfull haustkveld. Du kan gjere dette, eller sjå ein film. Det er opp til deg…

Romney Tax Plan

Skatteplanen til presidentkandidaten Mitt Romney har tydlegvis ikkje falle i heilt god jord, i alle fall i følgje sida Romney Tax Plan. Eg held ein liten knapp på at det er demokratane som står bak, i og med at alle lenkjer ut i frå sida fører til demokratane sine sider.

Det som kanskje er meir verdt å leggje merke til for oss nørder er uansett den fiffige bruken av CSS animasjonar.

Glad i å lese bøker?

Då kan du likegodt bestille billett til byen Spijkenisse i Nederland med ein gong. Her har dei nemleg laga eit noko spesielt bibliotek, som faktisk opna dørene tidleg denne månaden. Biblioteket er forma som eit fjell, i ein bygning av glas – skapa som eit reklameskilt for å lese meir bøker…

Responsiv? Nei, eit par steg vidare!


Alle snakkar om å gjere nettsida si responsiv, det vil seie at den automatisk tilpassar seg mediet den vert vist på. Eg kan ikkje skilta med det på mi eiga side akkurat no, men eg kan love deg at eg arbeidar hardt med saka! Uansett har klesmerket RVLT/Revolution teke dette nokre steg vidare. Nettsida deira er ikkje berre responsiv, men visninga vert forskjellig om du forminskar/forstørrar nettlesarvindauga ditt!

Eit lite minus er at ein må ha JavaScript aktivert, men likevel verdt eit besøk!

Royal nettside

Designstudioet 45royale har alltid vore langt framme når det kjem til nett og design. Sidan sist eg omtala dette studioet har dei teke ein skikkeleg omkalfatring, og svingt den finaste målarkosten som er å oppdrive. Dei har nemleg laga ei relativt deilig ny nettside som absolutt bør sjåast før du tek helg!

Når me fyrst er inne på redesign…

Ei anna side eg har fulgt tett siste par åra, samt tidlegare gjeve deg tips om, har også kledd seg i ny drakt. Webdesigner Depot skifta, så seint som måndag denne veka, ham. Frå å vere ei mørk side designmessig har dei no teke steget over i det lysare sjiktet. I tillegg har dei nytta mange nye HTML5/CSS3-effektane som vert rulla ut. Sjekk blant anna toppbiletet, så ser du kva eg meiner!

I tillegg til å vera eit nytt redesigna friskt pust, kan du boltre deg i artiklar frå meir og mindre anerkjente designarar, typografar og kunstnarar frå fjernt og nært. Verdt eit besøk altså!

  • Fint du er i gong Espen! bra pappapermen vert nytta godt :) Du kan kose deg med dette fine gif-prosjektet frå Paddle8 http://movingthestill.paddle8.com/

  • Godt WordPress har tidspublisering, for eg har fint lite tid til å skriva på bloggen når eg har to små som krev all tid :)

    Skal sjekke ut prosjektet du nemner — alltid spennande med GIF-ar ;)