Knask på ein fredag: August

Etter å ha svik­ta mine faste vit­jarar førre månad, skulle eg jo ha kome med ei propp­full utgåve av knas­ket denne månaden. Diverre let det seg ikkje gjera, men noko knask har eg i alle fall! Fyll opp kop­pen med kaf­fi og gyv laus på freda­gens knask!

Ikkje akkurat billotto

Kvar og ein av oss drøymer nok om den store og gjeve lot­to­gevin­sten kvar lau­rdag. Ikkje like mange legg fak­tisk inn kupong… Nettsi­da Dealot­to star­ta opp rett før ferien, og er ein litt annleis lot­to. Det er langt frå bil­lot­to til denne, men vin­nars­jansane er store. Og om du ikkje vinn, så får du pre­mien til sterkt redusert pris! Her kan du vin­na alt frå dig­i­tale ikon til plakatar og lik­nande.

Hymens lenkjer

Eg er allereie godt gift, og må innrømme at me la kstremt myk­je i invi­tasjo­nen me sendte ut. Men fol­ka bak denne nettsi­da la tydlegvis litt meir i den enn det me gjorde… Her gjev Jess & Russ (brude­paret) oss heile his­to­rien – fyrst kvar for seg, for så å gå meir inn på kor­leis dei fann kvaran­dre. Det er ikkje kvardags å sjå ein slik invi­tasjon!

Godt nytt år!

Eg veit at denne kjem pre­sis åtte månad­er etter tida, men sida var så niftig utført med ani­merte GIF-fil­er (!) at den berre måtte nem­nast i knas­ket for dagen! Sjekk ut fjorårets nyt­tårstale frå Solei Noir bak denne lenk­ja!