345 486 nedlas­tingar

Som du bør ha fått med deg skapar eg skrift­typar. Det har ikkje vore så mykje aktivitet på det feltet i det siste, men dei eg har skapa til no ligg klar til nedlasting på ei side kalla dafont.com. På denne sida finn du gratis skrifter til skikk og bruk.

Sist eg rappor­terte stati­stikk frå denne sida var i 2007, og sidan den gong har skriftene vorte lasta ned godt over 200 000 gongar — og har i dag enda opp på totalt 345 486 nedlas­tingar. Den mest populære skrifta i 2007 var Parallello, med Asphyxiate hakk i hæl. I dag er det sistnemnte som har teke pallplas­se­ringa eit godt stykke over andre­plassen. Om eg ikkje har nemnt det før er det planlagt ei oppda­tering av Asphyxiate i ei «Pro»-utgåve. Når det vert, er heller usikkert...

Sjekk ut alle skriftene eg har her eller på dafont.com!

Mens du ventar på noko nytt

Som nemnt har det ikkje vore så mykje aktivitet innan typografi, men for siste oppda­tering kan du sjekke ut skrift­pro­sjektet mitt med arbeids­tit­telen «1956» på Dribbble her og her!