Knask på ein fredag: Juni

Dei fleste av oss har vel allereie teke ein velfortent ferie etter eit langt arbeids-/studieår, mens nokre fortsatt må arbeide for føda endå nokre veker. Usanskvett om du er på ferie, eller nyttar tida i opne kontorlandskap har eg noko digitalt knask til deg!

Åh, supert…

Supermann er ein fin fyr. Staut og sterk som han er ordnar han lett opp om dei onde driv gjøn med oss vanlege folk. Men, korleis er han i heimen? Er han lik der, eller er han ein, ja, pusekatt? Sjå videoen over så får du svar!

Slepp sommaren inn!

Er sommarenferien rett rundt hjørna, eller kanskje du allereie er i gong? Dersom det regnar og du føler skikkeleg for å ta i mot litt sommarleg forfrisking? Skru opp volumet og opne vindauga!

Innovasjonar for morgondagen

Kva vil morgondagen bringe av nytenkingar og innovative løysingar? Vil det elektriske lyset vedvara, eller vil me ha heilt nye morgonrutinar om nokre år? Vanskeleg å seie, men Maggie Koerth-Baker har fundert litt om temet og samla alt i ein presentasjon hjå The New York Times. Artig lesning før helga!

Eit lite déjà vu på tampen…

Eg veit det er fredag, men til tross for at det er dagen for å roe ned før helga, gjer eg rom for ein ganske så djup tvitring som kanskje får kvar og ein av oss til å tenkje:

Wow, that’s deep. What if «Deja Vu» is actually you losing a life and you are starting back from the last checkpoint?
Matt Pass

 

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.