Knask på ein fredag: Juni

Åh, supert...

Supermann er ein fin fyr. Staut og sterk som han er ordnar han lett opp om dei onde driv gjøn med oss vanlege folk. Men, korleis er han i heimen? Er han lik der, eller er han ein, ja, pusekatt? Sjå videoen over så får du svar!

Slepp sommaren inn!

Er somma­ren­ferien rett rundt hjørna, eller kanskje du allereie er i gong? Dersom det regnar og du føler skikkeleg for å ta i mot litt sommarleg forfrisking? Skru opp volumet og opne vindauga!

Innovasjonar for morgon­dagen

Kva vil morgon­dagen bringe av nyten­kingar og innovative løysingar? Vil det elekt­riske lyset vedvara, eller vil me ha heilt nye morgon­ru­tinar om nokre år? Vanskeleg å seie, men Maggie Koerth-Baker har fundert litt om temet og samla alt i ein presen­tasjon hjå The New York Times. Artig lesning før helga!

Eit lite déjà vu på tampen...

Eg veit det er fredag, men til tross for at det er dagen for å roe ned før helga, gjer eg rom for ein ganske så djup tvitring som kanskje får kvar og ein av oss til å tenkje:

Wow, that’s deep. What if ‘Deja Vu’ is actually you losing a life and you are starting back from the last check­point?
Matt Pass