Knask på ein fredag: Mai

Me har gått frå regn til snø til ekstreme sommartemperaturar denne månaden. Godt er det då at digitalt knask kan nytast uanskvett kva type vêr som måtte feie over oss! God lesning!

Sommaren er definitivt over oss, sjølv om me vestlendingar ikkje får sjå kva vêrvarslinga byr på for tida. Men kven ser vel på fjernsyn i finavêret?

Spel kulelabyrint med Google Maps

Hugsar du desse gamle kulelabyrintane me hadde før? Eg har ein liggjande ein eller annan plass, men sidan eg ikkje orkar å leite den fram er det godt Google kan hjelpe meg. Nei, eg har ikkje fått ein eksklusiv søkjeavtale i heimen, men dei har nemleg laga ein digital kulelabyrint basert på karttenesta deira. Eg lovar deg, det er kjempekult!

HTML9 Responsive Boilerstrap JS

Noko for dei som er opptekne av det nyaste innan HTML kan eg i dag by på ein liten godbit. Louis Lazaris har nemnleg nettopp lansert HTML9 Responsive Boilerstrap JS. Kva det er? Vel, det forklarar han enklast sjølv:

H9RBS.js (v0.0001) a flexible, dependency-free, lightweight, device-agnostic, modular, baked-in, component framework MVC library shoelacestrap to help you kickstart your responsive CSS-based app architecture backbone kitchensink tweetybirds.

Enkel og grei avslutning på knask for dagen der altså. Ha ei god helg!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.