Knask på ein fredag: Mai

Sommaren er definitivt over oss, sjølv om me vestlen­dingar ikkje får sjå kva vêrvars­linga byr på for tida. Men kven ser vel på fjernsyn i finavêret?

Spel kulela­byrint med Google Maps

Hugsar du desse gamle kulela­by­rintane me hadde før? Eg har ein liggjande ein eller annan plass, men sidan eg ikkje orkar å leite den fram er det godt Google kan hjelpe meg. Nei, eg har ikkje fått ein eksklusiv søkje­avtale i heimen, men dei har nemleg laga ein digital kulela­byrint basert på kartte­nesta deira. Eg lovar deg, det er kjempekult!

HTML9 Responsive Boilerstrap JS

Noko for dei som er opptekne av det nyaste innan HTML kan eg i dag by på ein liten godbit. Louis Lazaris har nemnleg nettopp lansert HTML9 Responsive Boilerstrap JS. Kva det er? Vel, det forklarar han enklast sjølv:

H9RBS.js (v0.0001) a flexible, depen­dency-free, lightweight, device-agnostic, modular, baked-in, component framework MVC library shoelacestrap to help you kickstart your responsive CSS-based app architecture backbone kitch­ensink tweety­birds.

Enkel og grei avslutning på knask for dagen der altså. Ha ei god helg!