Er Twitter den nye skuleboka?

Ver­da har gått nokre steg framover. Lur­er ein på noko i dag er sjekkar ein Inter­nett i 99 pros­ent av til­fel­la. Men, kvar star­tar ein fer­da mot desse opplysningane? På Google-søk, eller på Wikipedia? Det er mange rik­tige svar.

Kvitre, kvitre…

Det som der­i­mot kan vere å anbe­fale er å kikke innom Twit­ter. Sjølv om du her må gjere ein liten innsats for å finne det du er ute etter, er ein ting sikkert: Her får du hyp­pige opp­da­teringar frå alle delar av ver­da. Skjer det noko, tek det ikkje lang tid før det dukkar opp meldin­gar, bileter eller video­er frå hendin­ga.

Eit godt eksem­pel (i den grad det er pos­i­tivt) er strau­men av tvit­ringar som tik­ka inn etter ter­rorhan­dlin­ga i Olso 22. juli. NRK har ein kjekk over­sikt over kva folk prei­ka om på Twit­ter før og etter bom­ba gjekk av.

Gamal historie gjenfødt med ny teknologi

For tida er kan­skje den artig­ste staden å vere, sånn his­to­riemes­sig sett, på Twit­ter. To pros­jekt eg har bite meg merke i er eit for andre verd­skrig og ein annan for Titan­ic. Via desse to kon­toane får du opp­da­teringar «live». Det vil seie i san­ntid, så og så mange år etter hendin­ga fann stad.

An aide has just wok­en King Haakon of Nor­way: “Majesty, we are at war!” The King replies: “Against whom?”
@RealTimeWWII, 8. april 2012

For få dagar sidan, 9. april, kunne du få med deg invasjo­nen av Noreg slik den kan­skje kunne ha vorte opplevd på Twit­ter. Når ein sit og les opp­da­teringane får ein små grøss nedover ryggen. Det er litt skum­melt å tenkje på at det fak­tisk kunne vore i dag dette skjed­de. Tenk så seint folk fekk med seg at lan­det var i krig i 1940 saman­lik­na med i dag med den teknolo­gien som er på plass…

I løpet av det neste døgnet kan du som nem­nt også lese om den fyrste og siste reisa til Titan­ic i san­ntid. I skri­vande stund seil­er dei i strå­lande vêr og ting går smerte­fritt. Sjølv om ein veit kva som skjer, vert det spen­nande å sjå kva meld­ingsstrau­men vil fortel­je oss når dei tre­ff isber­get!

Wok­en up to yet anoth­er mar­vel­lous morn­ing. The weath­er tru­ly has been kind to us thus far.
@TitanicRealTime, 12. april 2012

Kva kan ein læra?

For oss som har lest oss gjen­nom skulen er det ikkje vanske­leg å skjønne at fil­mane om Titan­ic og andre verd­skrig er basert på sanne hendin­gar. For mange andre har det plut­se­leg gått opp for dei at det ikkje berre er ein film om emna.

Kva med deg?

Er det nokre Twit­ter-kon­to­er du føl­gjer med på som andre burde ha ful­gt? Kom med det i kom­men­tar­fel­tet!