Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Knask på ein fredag: Januar

Bjørner søv i hi, og nokre har allereie gått milevis på ski. Det er siste fredagen i årets fyrste månad. Det kan vere hardt, så la oss alle ta ein omstart. Amen.

Januar har vore over gjennomsnittet travel både på og utanfor vegen, og det same gjeld forsåvidt også i heimen og på arbeidsplassen. Eg trur eg likevel skal ha skrota i hop nokre gode digitale knask til deg:

Amen.

Anten du skulle vere religiøs eller ikkje, kan dagens fyrste knask uanskvett vere noko for deg. Sida Amen er brukarbasert og går ut på at du legg inn diverse informasjonssnuttar og omgjer det til meir eller mindre kloke ord og setningar. Kanskje ikkje den beste forklaringa, men sjekk videoen over så forstår du kanskje litt meir.

Du kan også laste ned applikasjonen tilhøyrande nettstaden til din iPhone her.

Fotoshop frå Adobé

Eg er kanskje den som kjem sist med denne, men sånn er det berre med månadlege oppdateringar innanfor knaskspikkeriet mitt. Den er likevel akkurat like aktuell som då den fyrst vart publisert. Videoen over tek tak i korleis folk på motemoloen vert så perfekte i alle magasin og slikt. Finurleg!

Matthias Sahlén

Dette er portefølja til Matthias Sahlén. Han er ein svensk frilanser som driv med grafisk design på relativt høgt plan. Arbeidet viser også at han har relativt god kontroll på typografikunnskapane sine, noko eg likar særs godt!

Albumcover av ClipArt og Comic Sans? Kødder du?

Eg likar ikkje at dei har kødda med coveret til eit av mine favorittband, men artig likevel...

Nei, diverre. Uanskvett kor mykje me vrir, vendar og ynskjer at skrifta Comic Sans skal ryke og reise, vert me aldri heilt kvitt den. Nokre ignorerer dens eksistens, mens andre rett og slett lagar noko me kan le av. Som personen bak Tumbl-bloggen ClipArt Covers. Her kan du finne favorittplata di utført med ClipArt (du veit, slikt som var populært då Word kom med dette i førre århundre) og tekst utført i Comic Sans. Tru det eller ei, men det er artig kva som er laga til!

På tide med ein omstart

Det er fredag og snart på tide å ta helg. Det er sjeldan du tek omstart på ei fredag for å starte med «blanke ark», men eg gir deg i allefall ei nettside der du kan ta omstart på dei fleste operativsystema og alle utgåve av desse. Ta ein omstart nuh!

God helg!

Summary in english:

Friday Tidbit: January

This months Friday Tidbit serves you the following goodies:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional