Knask på ein fredag: Desember

Årets siste knask er på trappene. Sjølv om jula er forbi kan eg ikkje love deg eit innlegg fri for diverse jule og nyttårsknask. Eg vonar det vert hyggjeleg lesning likevel!

Fyrst er ei lita melding frå Julenissen sitt postkontor om årsaka til at nokre presangar kom seint, eller ikkje dukkar opp i det heile:

http://www.youtube.com/watch?v=_cWzpxAdzBk

Skal det vere ein tattis?

http://vimeo.com/33616302

Du har kanskje sett små born med tyggisen i munnen og liksom-tatoveringar på armane? Desse plar ikkje akkurat vere dei mest dekorative tinga du har sett. Det same tykte også Tina Roth Eisenberg. Faktisk såpass mykje at ho starta Tattly, ein nettstad som sel midlertidige tatoveringar med eit unik og fint design. Kanskje eg skulle kjøpe slike til mi eldste dotter til bursdagen?

Ein sint, men koseleg kveps

Det er ikkje årstida då ein skal vere så redd for sinte kvepsar, men i samband med lanseringa av den nye nettsida til Angry Wasp må me nesten åtvare mot fengjande melodiar og gode tekstar. Endre Olsen, mannen i front, har fått hjelp av Anne L. Gjerstad med arbeidet med sida. Begge to er faktisk frå Stord. Sjekk innom og høyr på tonane!

Familiefotografering

Du har sikkert bladd gjennom familiefotografia eit utal av gongar. Du har sikkert også kommentert dei mange artige motiva som er teke opp gjennom åra. Men kan dei slå bileta publisert på sida Awkward Family Photos? Eg håpar i alle fall ikkje det… Du kan også sjekke ut dei beste på samlingssida Pinterest.

Svaret er…

Når me fyrst er inne på familie kan eg vel like godt servere deg ein video som kanskje kan tipse deg om du har tenkt å fri til din kjære i løpet av 2012. Eg håpar i alle fall at du får ja!

Og jula varer heilt til påske…

Nerdane hjå Google har det tydlegvis artig når dei konstruerar applikasjonane og tenestane deira. Dersom du går til Google Maps og ber om retningsveiledning for gåande frå The Shire til Mordor får du opp eit lite påskeegg… Berre sånn viss du lurte!

Godt nytt år!

No når julekorta er sendt ut for lenge sidan (me sendte ut siste i går) vågar eg meg frampå med denne videoen frå Viewpoint Creative

Ha ei fortsatt god romjul og godt nytt år!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.