Typografisk tips #3

Det skulle gjerne ha kome fleire av dei, men her er kalenderen sitt siste typografiske tips — i alle fall på denne sida av året. I dag skal eg vise deg litt av finurlegheitane til OpenType. Velkomen inn i luke 22!

Nok ein gong skal me innom InDesign, men berre for å vise kva moglegheitar du kan ha med ei skrift med OpenType-funksjonar. Eg seier ikkje at alle skrifter av denne typen har dette, for det er det ikkje, men det er fullt mogleg. Ei av funksjonane som finst og som er mest nytta er ligaturer.

Mykje som er mogleg med OpenType i InDesign.

Ei skrift som har dette er Minion Pro. Dersom du nyttar denne i InDesign kan du ved hjelp av tilleggsmenyen få nokre artige uttrykk på same tekst. Berre sjå i eksempelet over. Nokre meir diskrete  og nyttige enn andre, men dette er noko du kan velgje ut i frå formålet.

Dette er kanskje eit lite tips, men eg tenkte eg skulle tipse deg om det likevel.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.