Frå hand til skrift

Nei, eg skal ikkje presentere ei veiledning på korleis du skriver for hand i dag. Ber om orsak om tittelen er misvisande i såfall. I luka for dagen vil eg nemleg presentere ein svenske som ser ut til å overføre handskrift til digital utgåve med presisjon.

Monoment av Måns Grebäck

Måns Grebäck er mannen eg vil snakke om i dag. Han driv nettstaden MAWNS der han presenterer arbeid han har gjort, samt sel skriftene han lagar. Foruten å forme vakre digitale handskrifter, har han også eit utval av andre typar skrifter.

Gratis skrift: Brannboll Fet

Dersom du vil teste ei av skriftene hans er det mogleg å laste ned skrifta Brannboll Fet frå Abstract fonts. Du skal vere merksam på at denne gratisversjonen ikkje skal nyttast til anna enn personlege formål. Men det skal vel halde i massevis for ei testkøyring!

Sjekk ut hans rikhaldige og varierte portefølje her!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.