Inovativ bruk av typografi

Tida flyr når ein held på med oppuss­ing og arbeid til langt på kveld. Ein gløymer også fort at det manglar visse luk­er i kalen­deren også. Sidan eg er så treig ute med luka for dagen vert det i dag eit raskt blikk på kva som befinn seg av typografiske fin­urlegheitar på nettstaden DeviantArt.

Cronies

Det er kan­skje ikkje det mest inno­v­a­tive dette med å lage alfa­betet utifrå teikningar av dyr, men artig er denne vari­anten likev­el.

Red Riding Hood

Du kan skrive på papir, måle bok­stavar på ein vegg og du kan gjere som Josephine Evetts; lage tekst i tre dimen­sjonar av papirstrim­lar.

Typografisk alfabet

Eg avs­lut­tar luka i dag med eit vakkert alfa­bet satt til livet av han­da til Francesca Vic­to­ria. Eg ser fram til den dagen eg får tid til å sit­je med pen­nen og føre noko lik­nande ned på papiret…