Møt Rosetta

Roset­ta er eit byrå som har spe­sialis­ert seg på å utgi skrift­snitt som fun­ger­er like bra her til lands som i, ja, dei ara­biske emi­rater. David B?ezina, José Scaglione og Veroni­ka Buri­an star­ta byrået, og saman med fire andre skriftkreatørar kallar dei det sjølv for Mul­ti-script Typog­ra­phy. Roset­ta si mest pop­ulære skrift er kan­skje Sko­lar, som i skri­vande stund støt­tar 162 språk. 162 språk. Det er art­fundig mange. Fin er den også!

Då den ara­biske og per­siske delen av BBC si nett­side skulle gjen­nom ein redesign tidle­gare i år, vart skrif­ta Nas­sim frå Roset­ta eit fyrste­val. Eit tett samar­beid gjorde at spe­sielle teikn innan­for dei respek­tive språ­ka vart vist på best mog­leg måte og i tråd med BBC sin pro­fil.

Stå på!