Strekker seg litt lengre

Studenten Jenny Kyvik Hutchens frå Stord (woho!) studerer grafisk design på Westerdals school of communication i Oslo. Eit av prosjekta ho laga der, og som har fått ein del merksemd, er hennar elastiske skrift. Ho har rett og slett strukke den opp for hand med strikk (sjå over), og deretter laga ein plakat med skrifta i vektorisert utgåve.

Undrar om den kjem som skriftsnitt i eit utgåve som ein kan nytta på datamaskina?