Skrift for dyslektikarar

Har du tilfeldigvis bruk for ei vennleg og lesbar skrift kan eg (saman med nederlandske Studio Studio) hjelpe deg med det akkurat her og no. Lagar du i tillegg materialer, eller underviser personer med dysleksi og/eller lese- og skrivevanskar, er skrifta Dyslexie midt i blinken. Sjølv eg som ikkje har dei største utfordringane med å verken lese eller skrive syns denne er ganske så lett å lese, kanskje også betre enn ei vanleg skrift!

Prisen er ikkje den som er mest venleg med pengeboka di, men i desse juletider merkar du det ikkje likevel… Dersom du sjølv har tenkt å nytte den privat, får du den for 550,-, mens dersom du og din bedrift eller skule kunne tenkt seg denne i utdanninga, ja då kostar den berre 3 600,-. Du kan bestille direkte frå Studio Studio her.

  • Bra tiltak, men burde jo strengt vore laga ei ordning der dei som faktisk har dysleksi kan få skrifta gratis.