Typeplace

Overalt eg, eller du, går er det skrifter rundt oss. Dersom du er lik meg, har du kanskje til tider hatt lyst til å lagre eller dele denne skrift-finurlegheita med omverda, og gjerne slik at andre også kan sjå kor denne befinn seg. Då er Typeplace noko for deg!

Typeplace er ein applikasjon til iPhone som kan hjelpe deg med å få den biffen perfekt! Programmet kostar kr 7, men det er jo berre 1/10 av det ei kald pils kostar deg, så det er inga unnskyldning for å ikkje investere i dette om du er oppteken av typografi!

Fyr opp applikasjonen, knips den typografiske perla og last den opp med Typeplace. Merkar du den med lokasjonen din vert den plotta inn på verdskartet i tillegg! Eg har ikkje fått testa funksjonen fullt ut, men reknar med eg kjem til å nytte den meir og meir — kor eg enn måtte befinne meg.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.