11.11.11

Datoen er er vel ein ting som ikkje akkurat berre kan gå hus forbi, i alle fall ikkje når den berre oppstår ein gong kvart hundrede år. Det er dagen for alle tilhengjarar av talet «11» i dag.

Sjølvsagt er det laga ein film om datoen i dag.

Eg kan garantere at det er mange som kjem til å tvitre om dagens dato i dag, og særleg no då klokka viste elleve minutt over elleve. Det er også laga ein film om datoen og nokon av oss kallar dagen i dag for «Nerdane sitt nyttår». Det har visstnok noko med binære tal eller noko sånt.

Tomorrow is 11/11/11, not 11/11/11. Bloody Americans.
@laurenme0w

Er det noko djupare meining, eller noko verd å tolke? Ikkje veit eg, men denne artikkelen kan kanskje svare på noko av det den nyfikne delen av mine besøkande undrar på. Likar du harde fakta kan jo også denne artikkelen med elleve artige forklaringar.

111111111 x 111111111 = 12345678987654321

Eg for min del ville berre skrive eit innlegg 11.11.11, kl 11.11. Skitt fiske!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.