Knask på ein fredag: Oktober

Oktober er straks faren, og hauststormane har allereie fått blada på trea til å få sitt livs flygetur. Godt er det for oss at mykje av det som ligg på nettet er god underhaldning uasnkvett kor hardt regnet piskar på vindaugo!

Eg startar dagens knask med å sende deg avgarde til to sider som kanskje kanskje kan løyse opp kvardagsstemninga og innleie helga:

Kva sa du, sa du?

Dette er ikkje av særleg verdi, men på ein fredag har me lov til å prøve kvasomhelst. Test om du høyrer kva som vert sagt på sidene Bacon or Beercan og Hairpiece or Herpes. Lykke til!

Moderne retro

Hjå gjengen bak Grain Edit får du servert godbitar av moderne design med ein klar retro stil over seg. Det vil seie design inspirert av 60- og 70-talets finurlege fargar og former.

Tune in!

Radio har relativt gode eksempler på kor kunnskapsrike dei er innan illustrasjon, design, typografi og ikonmakeri. Blant anna kan byrået frå Cape Town vise til ganske så artfundige plakatar for kommande sesong av Mad Men. Makan!

Gjer det sjølv

Er du fingernem og likar å drodle med forskjellige materialar for å lage ting til både deg sjølv og andre? Då kan eg tipse om nettstaden Wood & Faulk. Her kan du ved hjelp av instruksjonar spesiallage fiffige ting som belter, spel (eksempelvis Kubb) og andre praktiske gjenstandar ein nyttar i kvardagen. Eller til fest. Det er heilt opp til deg. Om du ikkje er særleg til handverkar sjølv, kan du som alternativ handle i nettbutikken deira i stedet. Mange fine ting!

Skriblereringsmeister

Daniel Vane er i følgje seg sjølv den fødte skriblereraren. At han har ei større interesse for teikning av mennesker og for tattoveringar viser att i arbeidet hans. Illustratøren har samla mange av sine fantastiske skriblereringar på heimesida hans.

Kunden har alltid rett. Eller?

Som ein arbeidar innanfor det grafiske dukkar det ofte opp spørsmål eller førespurnader som er av den uforståelege sorten. Nettstaden Clients From Hell har samla ein god del av slike til spott, spe og vår sjåarlyst. Eg avsluttar med å presentere to av mine favorittar frå denne sida:

Sorry for the delay on your invoice. My grandma got really sick… Oh, can you change the blue to aqua?

No! Don’t use pixels! Pixels make everything bigger. Just use inches like a normal person.

Ein eksplosjon av ei skrift!

Tid for refleksjon, last ned eit ikon!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.