Nynorsk digitaldugnad

Eg er stolt brukar av nynorsk både analogt og dig­i­talt, og eg støt­tar opp under dug­naden dei no har satt i gong. Pros­jek­tet vart lansert 18. okto­ber, og har allereie fått mediemerk­semd frå NRK og Framti­da, i til­legg til at dei hadde hov­udinn­legget på debattsi­dene i BT. Norsk Målung­dom har laga til ei sam­le­side, dugnad.nynorsk.no, for arbei­det dei skal ta til med:

Me skal engas­jera ten­estetil­by­darar, aktivis­tar og nynorskbrukarar i ein felles innsats for nynorsk vekst i den dig­i­tale ver­da. Innsat­sen skal i fyrste rekkje ret­tast mot pop­ulære og myk­je bruk­te netten­ester (til dømes Wikipedia, nett-torg, net­tban­kløysin­gar, og lik­nande), sosiale media og ordlis­ter for mobil­tele­fonar. NMU skal arbei­da for å spreia tospråk­lege ord­bøk­er og fagter­mi­nolo­gi på nynorsk på inter­nett.

Det er sikkert ikkje mange av mine lesarar som nyt­tar nynorsk til dag­leg. Eg rår likev­el alle som har tid og lyst til å hjelpe til med å over­set­je f.eks artik­lar på den nynorske Wikipedia, ein filmtekst eller på fri pro­gram­vare.