Knip meg!

Dette er for folk som har litt tid til overs, eller berre er avhengig av alt som omhand­lar typografi.  Mark MacK­ay er man­nen som står bak det inter­ak­tive spelet kalla Kern Type. Her skal du prøve å lage til kor­rekt kern­ing, basert på ein skrift­de­sign­er sin «fasit». Det kan hjelpe å ha basiskunnska­par om typografi og skrifter, ikkje berre for å spele, men også for å gid­de å gjen­nom­føre dei ti «utfor­dringane». Kern­ing, eller knip­ing som det heit­er på godt norsk, er ein vik­tig del av typografien for at tek­sten skal sjå bra ut og at den vert betre å lese.

Funker ganske gre­itt på berørings-dippe­dutt også!

Sidan det er laga med HTML5 er det også mog­leg for folk med berørings-dippe­dutt å spele dette når som helst og over­alt. Fif­fig!

Woho! 100 av 100!

Eg skal ikkje skryte, men mange av mine svar traff rik­tig så godt. Totalt sett fekk eg ikkje meir enn 80 av 100 moglege poeng, men føler sjølv at eg har det som skal til for å sjå estestikken i typografien. Flaks!

Prøv det ut sjølv her og sjå kor høg skår du får!