Ei utruleg bra bok

Skulle gjerne hatt denne lig­g­jande klar på nat­tbor­det 5. sep­tem­ber, dagen den vart utg­jeve, men myn­tane frå løn­ninga var viden faren for lengst. Fekk den i posten for over ei veke sidan, men kona kom meg i forkjøpet på å lese gjen­nom den. Det var fyrst i går eg fekk sjans til å pløye gjen­nom denne vesle gule boka.

Eg har skrive om Andreas Grav­dal tidle­gare, om hans føre­drag med fokus på iden­titet og sjølv­bilete i ung­dom­skul­turen. No har han alt­så sam­la mange av dei vik­ti­gaste spørsmåla ein kan, og bør, stil­la seg sjølv her i livet mel­lom to per­mar. Resul­tat: Ei utru­leg bra bok for unge folk. På spørsmål frå NRK om val av tit­tel, svara han enkelt og gre­it at han hadde lyst å skrive ei utru­leg bra bok, og kalle den deretter.

Eg sat­te av eit par timar for å lese gjen­nom boka. Eg trengte berre 45 min­utt så var eg fer­dig — fyrste gong. Det som slår meg ganske raskt er at denne er let­tlest, både med tanke på oppsett men også på måten for­fattaren skriv på.

Eg leste den atter ein gong. Bud­skapet var like enkelt å få med seg denne gongen også. Og det er jo bra, i og med at det hand­lar om deg. Ikkje om kven du vil vere, men kven du fak­tisk er.

For kort å opp­sum­mere det skrivne innhaldet, sit­er­ar eg Andreas sjølv:

Lite fiks­faks, mest sunt bon­de­vett.

For å opp­sum­mere endå kortare, og kan­skje set­je alt på spis­sen, hand­lar den rett og slett om:

Livet.

Store greier dette, men han har, som nem­nt, klart å gjere spør­måla om denne vitale delen ganske lett tilgjen­ge­leg for alle. Sjølv om tit­te­len på boka seier at den er utro­leg bra for unge folk, er dette ei bok alle burde lese. Den er rikt illus­tr­ert og inneheld mange fif­fige døme på både det eine og det andre.

Eg kas­tar ikkje terningar, men eg kan sterkt råda andre til å lese denne boka. Tit­te­len held det den lovar.

Sjekk ut og kjøp boka på her!