Verda i svart og kvit

Ein av desse er Sjurd Skut­laberg. Eg har ikkje lete fotografen i meg utfal­da seg skikke­leg dei siste åra, men det har defin­i­tivt denne karen. Sjurd er ein god ven av meg, og valet av fotograf var rel­a­tivt enkelt då kona og eg gif­ta oss for eit par år sidan. Eg vart kjent med han då me arbei­da saman i Bergen, der me frå dag ein sat og for­t­alde tørre vit­sar og snakka om dei små og litt større tin­ga i livet.

Låg stan­dard på boble­badet på denne hyt­ta i Nojiri, Japan.

I til­legg til å vere ei kreativ sjel innan humor og grafisk design, har han vist at han har myk­je vari­ert å by på innan fotografer­ing. Han har blant anna dri­ve med nålauge-fotografi saman med Anto­nio Stasi i Bergen, før han no har star­ta ein ny foto­blogg — med bileter i svart og kvitt.

Den gam­le man­nen og hun­den sin i Paris, Frankrike.

Sidan han har budd myk­je av livet i Japan er bloggen kraftig inspir­ert av dette i moti­va hans. Sjekk innom for inntrykk av ver­da, slik han ser dei i svart og kvitt!