Fokus på fotografi

Akkurat kor mange ord eit bilete faktisk fortel er realtivt uvisst. Utifrå mengden med fantastiske fotografar, bileter og hjelpemiddel som finst der ute, skal ein ikkje sjå vekk i frå at det kunne ha vorten ei relativt tjukk bok av historien. Say cheese!

For å fange eit godt motiv må du anten vere vaken og tolmodig, eller som meg; rett og slett ha ein god porsjon flaks. Uanskvett er det mange uttrykksfulle bileter der ute, og i dag presenterar eg eit knippe inspirasjonskjelder til deg:

Kjære fotograf

I tillegg til sider som viser fleire mektige menn som ser på ting er Dear Photograph eit friskt pust med ein fin tanke og idé i ryggen: Ta eit bilete i notida av eit bilete frå fortida. Kanskje du også har noko å bidra med?

Fotohistorie i RGB

Ole Martin Kristiansen er ein sabla dyktig grafisk designer som driv med mykje spennande. Han publiserar, etter mi meining, ein av dei beste fotobloggane på nettet. I tillegg til å ha eit originalt namn, har bileta han presenterar fine fargar (når dei ikkje er i svart og kvitt, sjølvsagt), fine motiv, sylskarp fokus og ikkje minst ei historie å fortelja. Dette gjer gjer det til ei sann glede å bla gjennom dei!

Tidsintervallfotografering

Eg har sjølv nytta denne teknikken mykje i mine små snuttar frå oppussinga av huset vårt. Chris-Håvard Berge har derimot teke det nokre steg vidare og samstundes forklart til punkt og prikke korleis du sjølv kan lage fantastiske videoar ved hjelp av tidsintervallfotografering (time-lapse om du ikkje likar nye norske ord). Sjekk ein av hans snuttar av Bergen under:

Å ta det litt lengre

Til slutt vil eg berre dele ein kort video med nokre entusiastiske fotografar som kanskje drar utsagnet «shoot a picture» litt lengre enn den vanlege mannen i gata. Du veit, han med kompaktkameraet…

Skyt fyrst, fokuser etterpå

Er du ein av dei som trur du har fanga det ultimate motivet med perfekt lyssetting og fantastiske fargar, men som viser seg å ha heilt feil fokuspunkt? Då kan du glede deg over nyvinninga Lytro har presentert: Fotografer fyrst, still fokuspunktet i etterkant. Det hjelper kanskje lite på bileter du allereie har teke, men framtida ser lys ut i alle fall!

Test sjølv ved å klikke der du vil ha fokuspunktet i biletet under, eller sjekk ut biletgalleriet deira her.

Tid for leik!

Ta med deg kameraet ditt og leik med motiv og fargar! Har du også nokre sider med bileter å anbefale, eller blinkskot du vil vise? Legg att nokre ord i kommentarfelt under. Ha ei ellers god helg!

3 Comments

[…] vårt viktigaste bindemiddel til framtida, er det ei historie som har sett seg fast i hjarta mitt. Audun Lade Sæther har delt ei historie han fekk inn på e-post, som viser litt, om ikkje veldig godt, kva retning verda er på veg i dag. […]

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.