Knask på ein fredag: Juni

Det er straks klart for fellesferie og Noreg skal stå stille i minst fire veker. For å unngå total kollaps serverar eg deg knask som får deg gjennom «stille før (arbeids)stormen»-perioden me går inn i…

Litt lettare blanding av niftige løysingar og kreativ bruk av tid er det eg kan tilby deg i dag. Finn fram ein kopp kaffi og nyt den samstundes som du les gjennom knasket!

Lite golvplass?

LEGO er eg som kjend ein stor tilhengjar av, og noko slik som dette kunne eg glatt ha sjølv heime! Det er ikkje sikkert at denne formen for veggpryd fjernar alle LEGO-klossar frå golvet, men det opnar i alle fall opp for kreativitet ein kanskje ikkje visste om!

Ein planke her, og ein planke der…

Det er tydlegvis vorten ei greie å leggje seg ein planke på dei raraste plassar, men folka bak 5-Second Films har ei rask, og smertefull, meining om akkurat denne greia.

Kva gjer du om du har litt ekstra tid til overs?

Når me fyrst er inne på film, kan me jo alltids ta ein til. Litt harry reklame frå Europcar dette her, men den får deg i alle fall til å dra på smilebandet. Slike reklamar kan ein like! Eit kort innslag med planking har dei visst også fått plass til også (ca 47 sekund ut i videoen)…

Når Lorem Ipsum mangler kjøtt på beina

Er du av mi rase som ofte treng fylltekst i eit utkast til design, men som ikkje har tid, og lyst, til å dikte opp ein roman? Lei av den klassiske Lorem Ipsum-teksten også? Då kan eg presentere klassikaren i ei utgåve med meir kjøtt på beina, nemleg Bacon Ipsum. Smakfullt!

Apple er religion. Eller?

The Week har ei samling av teikneseriar der giganten Apple har ei relativt stor rolle i innhaldet. Er Apple ein religion og er verda vorten betre med dei? Kanskje no etter dei fekk patentet sitt gjennom, men artig lesning er desse stripene uanskvett!

Plastic fantastic!

Etter ein kort pause i serveringa av ikoner til deg, kan du no laste ned dette fantastiske settet med ikoner, inspirert frå 1920- og 1930-talet. Gratis er det også!

God sommar!

Som ei avslutning på dagens knask vil eg berre få ynskje mine fine lesarar ei riktig god helg og ein riktig god sommar! Årets varmaste tips (og tørraste vits): Bruk solkrem — det hindrar folk i å ta feil av deg og ei tomat…

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.