Gjer teite ting raskare

Som nemnt i siste knask hadde eg kome over ein heilt del gode nettstader førre månad. Løysinga vart å dele det inn i fleire kategoriar, og i dag kan eg presentere sider og artiklar der mengder av koppar kaffi er essen­sielt.

Ja, legg skulda på noko anna. Det hjelper...

Coffee Made Me Do It er sida til svensken Simon Ålander. Han driv med typografi og er ein kar som elskar kaffi — mengdevis med kaffi. Garanterer deg at det også har inspirert han til å velje namnet på sida. Her bloggar han om typografi og andre ting han likar, og om det ikkje er nok for deg kan du alltids sjekke innom den splitter nye porte­følja hans. Fine ting for den som er inter­essert i skrift og typografi!

Kjære kaffien min, eg elskar deg!

Nettstaden Dear Coffee, I Love You har også fokus på kaffi, dog meir retta mot sjølve kaffien. Her kan du lese om kaffi som drikk, kreati­vitet og design basert og inspirert av drikka. Fascinerande uanskvett.

Kan kaffi verte til kunstverk?

Ja, i alle fall etter denne artik­kelen hjå Webdesigner Depot å dømma. I tillegg til ovanståande bilete, kan du i artik­kelen sjå 49 andre høgt dekorerte koppar med kaffi.

Om ikkje ein vanleg kopp kaffi er nok...

Dette er ikkje akkurat bilen for dei som er inter­essert i å spare pengar på drivstoff, men om du elskar kaffi, og vil punge ut med 25–50 gongar meir enn vableg, er Car-puccino perfekt for deg! Du må også medrekne å ha kaffi­pause kvar 100 kilometer for å tømme kammeret med grut. God tur!

Når enden er god...

Eg kunne nok ha ramsa opp ein heil del andre nettstader som både kan by på fersk­brygga kaffi samstundes som du får servert eit fantastisk design, men den jobben har allereie Daniel Adams hjå Instant Shift gjort...

Enjoy your coffee!