Noregs vakraste stad

Etter ferja har lagt til og du set foten din på kaien på denne øya, kjenner du feriefølelsa og stillheita flommar inn i deg, sjølv på ein vanleg kvardag. Dersom du også likar sjokolade, bør du absolutt lese vidare!


Utsikt mot Eidsnes på Halsnøy — Noregs vakraste stad.

Bergene Melk arrangerar i disse dagar ein konkurranse der ein kan sende inn sitt bevis på den vakraste staden i Noreg. Eg er fødd og oppvaksen på sommarøya Stord, men fint lite kan gi deg betre feriefølelse og ro enn naboøya Halsnøy.

Dersom du aldri har vore der fysisk, er dette plassen du bør besøkje i løpet av sommaren. Folka der er også av sin eigen gode rase, og er du først på øya, du innom bakaren — betre bakst skal du leite lenge etter!

Uanskvett om du besøkjer øya fysisk eller ikkje, hadde det vore knall om du hadde teke deg tida til å besøkje den virituelt og stemme staden fram som Noregs vakraste!

På førehand kan eg ikkje anna enn å takka!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.