Knask på ein fredag: Mai

Denne månaden har eg kome over ei god røys med inspirasjon og eit hav av fantastiske nettstader. Eg måtte rett og slett sortere ut noko av det beste eg fann til knasket i dag. Men ta det med ro, eg har ikkje forkasta resten — det kan du forvente å sjå utover i juni!

Litt meir enn vanleg

Bloggen til Kelli Anderson er for alle som er interessert i godt design og letterpress, noko mange av hennar grafiske finurlegheitar bærer preg av. Du bør få med deg denne niftige invitasjonen med lyd!

Kva om du budde på IKEA?

Fotografen Christian Gideon har gjort det mange av oss har tenkt på når me er på den evig lange handleturen til IKEA. Han har saman med kompisen teke bileter av seg sjølv i dei forskjellige romma/utstillingane som om dei skulle budd der til dagleg.

Arbeid, leik og livet. Enkelt og greit.

Dette er Marius Zachariasen si elektroniske notatblokk der han samlar diverse filmar, bileter, saker og ting som han meiner er interessant for alle og einkvar. Mykje knask!

Ben set sikkerheita høgt

Usikker på kva det heilt spesifikt går ut på dette her, men slik eg forstår det er det sannsynlegis går det vel ut på at det snart kjem ein applikasjon til iPhone og iPod som lagrar sikkerheitsinformasjonen din trygt. Kul nettstad er det uanskvett!

Til inspirasjon på ein fredag

Det er jo fredag, og då passar det vel perfekt med ei nettside med bileter til inspirasjon? Og kva kallar ein ei slik side? Jo, nettopp; Fredagsinspirasjon!

Dette er massive saker!

Til slutt vil eg avslutte den siste fredagen med noko heftige greier til alle tilhengjarar av LEGO. Ver førebudd på å sjå noko du aldri kjem til å klare å lage. Enjoy!