Det litle ekstra

Eg har alltid vore oppteken av born og deira kreative vinkling til dagleglivet. Det er ikkje mange andre stader du kan få så mykje og variert inspirasjon enn nettopp hjå borna. Kva om ein lar seg inspirere av kromosom 47?

Born og ungdom med dette ekstra kromosomet er som nemnt ei fantastisk kjelde til energi og inspirasjon. Dette har eg sjølv erfart gjennom å vere med på leirar arrangert av Barnehjelpa i Røde Kors her på Stord. Du skal leite lenge etter å finne mennesker som gir meir av seg sjølv enn nettopp desse!

Conny Wenk er ein fotograf som gjennom sitt bidrag til Project 365 har klart å fanga augeblinken «på film» og samla bileter frå kvardagen til born med Down syndrom — born med det litle ekstra.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.