Knask på ein fredag: April

Månaden for gode idear, spennande nyvinningar og knekking av både påskenøtter og tal er straks over. Nok ein gong glimtar eg til med ein komprimert utgåve at knasket, men det får heller gå for denne gong også — eg tenkjer at du heller får nyte finvêret raskare på den måten…

Eit bilete seier meir enn tusen ord

The Noun Project er eit prosjekt som skal hjelpe folk frå forskjellige kulturar og land til å finne eit felles uttrykk (eller ikon i dette tilfellet) for daglegdagse ting og aktivitetar. Enkelt, gratis og skoi! Sida finst faktisk også i norsk språkdrakt!

Til ære for bling-bling

Hjå Chromeography kan du mimre om svunne tider innan dekor i skinnande blank metall. Det kan vere ornamenter, logoar og logotypografi frå både bilar og kjøkkenmaskinar — og helst eldre utgåver av desse.

Yatsy!

Glad i Yatsy og kunne tenkt deg å ha sett korleis Twitter-avataren din tek seg ut som fargerike terningar? Då er du nok ein av få, men Dice Painter er artig tidsfordriv på ein fredag likevel…

Den mindre vakre sida av CSS3 Box Shadow…

CSS3 (meir info her) er over oss og den nye standarden bugnar over av fiffige metodar for å vise nettstader. Ein klasse som du kan nytte er den du kan skape skuggeeffektar med. Eg har nemnt ein enkel (og kanskje den mest nytta) metode i eit tidlegare innlegg, men Doug Avery har teke det nokre hakk vidare. Han har presentert 39 idiotiske (sjølv om eg meiner nokre av dei er fine å sjå på) måtar å nytte denne klassen på. Ver merksam på at desse viser best i Chrome!

Få innhaldet over bretten!

Dette er eit utsagn som er kjent frå magasin og avisverda, der det viktigste stoffet måtte kome over bretten for å få meir merksemd om saka. Rart nok har mange teke med seg denne tankegongen inn i design for nett. Er du ein av dei, bør du sjekke ut denne klare meldinga om akkurat det

Pass på å brette deg ut i sola for jevnare solbrun farge. God helg!

  • Hei,
    likte godt den The Noun Project. Slik genial minimalisme liker jeg altså :)

    Stein Ove