Prompøst

At eg er ein ihuga typografil er ikkje vanskeleg å merke. For dei som kjenner meg har eg alltid elska å høyre på musikk — nesten uanskvett kor eg befinn meg. Det ingen har hatt nyss om, er at eg i dag debuterar som artist sjølv!

Dette har vore eit stort prosjekt for meg dei siste fem åra, men utruleg nok har eg klart å halde det hemmeleg for folket. Eller, det vil seie at svigerfar min fekk nyss i at strupen min kunne nyttast til andre ting enn prat då han hadde bursdag tidlegare i år… Men, eg har alltid vore fascinert og oppteken av musikk, og no er det på tide å spre nyheita om at eg skal gje ut nokre av mine finurlegheitar!

Songane på «Prompøst» er kraftig inspirert av musikken til store band som Radiohead og Sigur Rós, og temaet for plata er ei salig blanding av desse to. Alt frå saftige strykebalader til gitarriff som liknar grisen er å finne på denne plata med 13 spor. I tillegg til tittellåta «Prompøst» er «Eggedosis» og «I eit hus i ein hage på ein eigedom» å finne på plata.

Albumet kostar kr 149,- og er tilgjeneleg frå 19. april ved bestilling på e-post: music@unbornchikken.com. Legg att namn og postadresse, og du vil få plata tilsendt — akkurat i tide til påskeharen kjem! Ikkje sjå vekk i frå at det kjem noko ekstra knask med i pakken…

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.