Nerdete kjærleik

14. februar er dagen du får lov til å gjere noko ekstra for den du er kjærast med, gift med, ekstra glad i eller berre skjult forelska i. Tradisjonen med å gje sjoko­lade­gåver, kort med raude hjarter og klisjé­tekstar er i følgje Wikipedia mest utbreidd i den engelsk­språklege delen av verda. Mange meiner den kommer­sielle overles­singa med reklame og anna har teke meir og meir over her til lands også.

Eg er av ein litt anna oppfatning, kanskje mest på grunn av mitt kjærlege sinn, men eg likar  å vise min kjærleik til kona mi. Heldigvis har eg eit yrke og ein kunnskap som gjer det mogleg for meg å lage mine eigne og særeigne kort, enn dei tradi­sjonsrike Make Your Own Valentine Cards in 2 nanoseconds!-korta. Dog, eg må innrømma at eg tråkkar lett i fella med å kjøpe ei gigantisk rose denne dagen. I alle fall om ein skal måle etter pris...

Nok vas og over til det du faktisk ville lese om. Etter å ha vorten tipsa om bloggen Nerd Valentine kan desse klisjéane raskt endra seg. På bloggen kan du finne alter­na­tiver til gåvene som du generelt finn strødd i alle butikkar. Frå LEGO-iPhone-deksler og LEGO-iPhone-øyrepluggar til Valentine utgåve av Angry Birds kan gjere denne dagen «mindre» kommer­siell.

Kanskje du skulle ha tipsa din kjære om denne sida i år?