Knask på ein fredag: Januar

Snøen forsvann, før den kom tilbake. Deretter forsvann den att, og no er den tilbake. Det er ikkje lett å skjøna seg på vêret, men det er sikkert og visst at det er siste fredag i januar og tid for litt digitalt knask!

Tjuvradden

http://www.youtube.com/watch?v=gC0vb9XDz38

Me startar med ein aldri så liten video for at du skal få byggje opp fredagsstemninga og koble av frå alt tjas og mas. Ja, det er nok ein LEGO-film, men vert me lei av klossane? Neppe. Om du saknar nokre av bitane neste gong du sit og utøver kreativiten din, ser du her kor dei forsvinn…

Noko for den late…

I vår hektiske kvardag er det ikkje lett å ta seg tid til å slappe av. Denne nettsida kan i så tilfelle gi deg ei aldri så lita utfordring — prøv å ikkje gjer noko som helst i to heile minutt. Eg klarte det fint, sjølv om det viser noko anna på skjermskotet over. Kors på halsen og 23 knivar i hjarta!

Skrifter i bruk

Ofte ser ein kommentarar på design og biletbruk i ei trykksak/nettside, men kva med skriftene som er nytta? Er det nokon som tek seg tid til å kommentere dei? Ja, faktisk! Sam Berlow, Stephen Coles og Nick Sherman har saman starta prosjektet Fonts In Use kor dei gjer nettopp dette — ser på typografien i alt dei kjem over. På sida vert du presentert for ei trykksak/annonse/nettside før dei går gjennom og listar opp kva skrifter som er nytta. Fiffigt!

Sidan HTML 1, 2, 3 og 4 ikkje hadde det…

…var det vel på sin plass at den nye HTML-utgåva skulle få ein flunkande ny profil? Kanskje ikkje, men likevel. Fin er er den i mine auge. Eller som The Oatmeal seier i saka under: For all I care, the W3C could use a pair of cheetah testicles as an icon, just make the new standard work well. Sant nok!

1 av 13 av oss er på Facebook. Noko anna nytt?

Me lever tydlegvis i flokk skal me følgje dette faktasamanandraget frå The Oatmeal. Dei tek for seg korleis ting er på nettet i dag — mykje av det er faktisk skremmade sant. Til tross for dette er det morosam lesning på veg inn i ei ny helg!

Ikoner

Ehm… Tru det eller ei, men det er faktisk ingen ikoner på lista i dag. Kanskje neste veke? Ja, kanskje det…

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.