New York, sa du?

Kva gjer du når du har eit bilete du er godt nøgd med, men som berre ligg og sleng på harddisken, og har lyst på litt spenning? Jo, man sender det inn til ein aldri så liten fotokonkurranse!

Noroff held i desse dagar ein fotokonkurranse der vinnaren får ein tur til New York og fotoshoot saman med motefotografen Svein Bringsdal, samt eit flett nytt Canon 5D fotokamera. Sjølvsagt måtte eg prøve meg på dette!

Eg er ikkje typen som takkar nei til ein tur til ein slik by, ei heller eit nytt fotokamera. Fotoshooten tek eg som ein bonus! Etter å ha spamma både Twitter og Facebook, og for å i det heile har moglegheiten til å kome meg over there, treng eg di hjelp og så her på bloggen. Gå difor inn her og stem i veg på mitt bidrag no! Motivet eg satsar på å vinne med, er mitt blinkskot av kona mi teke i 2007, i ein sjakkmåla bar i Bergen.

På førehand takk!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.