Kva småverktyg nyttar du?

Dei aller fleste designere nyttar Adobe-pakka i sitt daglege verke for å lage nettsider og grafiske trykk­sakar. Dette er store tunge program som gjer jobben sin, men kva for småprogram føler du er essen­sielt å ha på maskinen for å hjelpe deg i ein tidsklemt digitale kvardag?

Under kan du sjå nokre av mine favorittar og kva program eg føler er er avhengig av å ha på maskinen for å kunne arbeide mest mogleg saumlaust. Alle programma eg presen­terar er for Mac OS X, men kom gjerne med dine favorittar for Windows og Linux!

Coda

Har leita lenge etter den ultimate kodeedi­toren, men gav lett etter då eg fann Panic sin Coda. Eg har funne ut at den har alt ein treng til å kode nettsider; Kodevisning, førehands­visning, innebygd FTP (basert på Transmit) og nettside­ad­mi­ni­strasjon. I tillegg ser alt lekkert ut! I motsetnad til resten av programma pressentert her kostar dette programmet noko, men det er absolutt verdt det!

Web Developer for Firefox

Mange har byrja å sverge til Safari sin eigen Developer-sak for å unngå å installere tillegg i nettle­saren. Det kan vere at eg ikkje er smart nok, men eg finn den vanskeleg å bruke og forstå når eg skal endre på stilark osb. i eit nettside eg skal designe. Eg nyttar difor eit tillegg til Firefox kalla Web Developer, laga av Chris Pederick.

Tweetie

Tweetie frå Atebits er nytta som lesar av eit av mine største idébankar, nemleg Twitter. Som Coda er også denne appli­ka­sjonen tilpassa det allereie lekre Mac OS X-grense­snittet.

Alfred

Alfred er ein lettvektar innan indek­se­rings- eller snarstarts-appli­ka­sjonar. Eg har skrive om denne før, men nemner det gjerne om att: Denne er genial til å opne programmar og kontakter raskt i Mac OS X. Verdt å prøve ut dersom du ikkje vil ha så mange appli­ka­sjonar i docken din og du nyttar adresseboka ofte!

CocoaZip

Mac OS X har innebygd kompri­me­rings­as­si­stanse, men sidan den legg att unyttige filer som f.eks DS_​Store når ein pakkar filer måtte eg finne eit alter­nativ. CocoaZip, skapt av Stephen Rudolph,er eit enkelt program som kompri­merar til dei mest kjende formata utan tilleggs­filer.

Mail Attachments Iconizer

Eit must for alle som nyttar Mail som e-postklient — i alle fall om du sender til folk som nyttar Outlook/​Windows. Mail Attachments Iconizer får vedlegga til å vise som filvedlegg og ikkje som ein del av sjølve e-posten, samt at den vert vist korrekt, og som vedlegg, på motta­karens maskin.

Dropbox

Dropbox har gjeve meg mykje hugleik. Eg nyttar denne til enkel backup/​synkronisering av viktige filer. Ganske greitt om eg skal arbeide saman med nokre på ein annan lokasjon, eller vil sende større filer til ein kunde.

  • Ole

    Fin liste. Skal prøve ut mail attach­ments iconizer. Er utrolig lei av å sende jpg-bilder som kunden ikke kan laste ned lett.

    Småprogrammer Jeg ikke klarer meg uten:
    • Mail appetizer (Kun Leopard): http://www.bronsonbeta.com/mailappetizer/
    (Til snowle­opard finnes et annet som heter «Herald»)

    • Paparazzi
    http://derailer.org/paparazzi/screenshots

  • Ooh! Paparazzi såg ut som ein grei appli­kasjon som passar meg og mitt bruk!

  • Sjekk og ut FireBug siden du allerede nevner webdeveloper toolbar, og Yslow! :D

  • Bra liste! Med et par nyttige jeg ikke kjente til. Jeg sverger til Things for å holde orden på alt jeg skal gjøre.

    Og det teller vel knapt, men jeg bruker TextEdit gjennom hyppig hele arbeids­dagen. Blant annet til å skrive denne kommen­taren. :-)

  • Heine

    Ikke glem CSS Edit :)

  • @Joachim: Har den installert faktisk, men har ikkje nytta den noko særleg. Kanskje er skal «ta opp tråden» på den att?

    @Elisabeth: Veldig lyst på Things, men har ikkje teke meg råd til den endå, mest fordi eg nyttar Google Calendar som felles bookings­system på tvers av avdelingane til det eg skal gjere kvar dag.

    @Heine: Meinar Coda dekkjer mine behov der, men ser absolutt bra ut :D

  • @espen «inspect this element» blir aldri det samme igjen ;)

  • Pingback: Tweets that mention the unborn chikken · Kva småverktyg nyttar du? -- Topsy.com()

  • Klarar meg ikkje utan det ultimate småverk­tyget: Skitch. http://www.skitch.com Fantastisk bra til å utveksle visuelle idear og tilbake­mel­dingar. «Skitch it back»..

    Og det er kanskje den vikti­gaste kompo­nenten til Webdesignmagasinet, sidan dei fleste webde­sig­nerane er for late til å legge inn egne ting.

  • Etter at Mac’en min valgte å ta kvelden, er det én ting jeg savner - Coda. Har fortsatt til gode å finne en ultimat kodeeditor for windows!

    Men om jeg kan komme med et tips, så bruker jeg Zen Coding. Det er en plugin som utleder HTML-tags fra CSS selec­torer (vanskelig å forklare, se heller noen beskri­vende videoer fra Youtube :-). Sparer deg for mye tid om du skriver mye HTML!