Knask på ein fredag: Desember

Jule­mat­en og dei evig­varande rekkjene av julekak­er har nok satt andre spor enn berre rundt mid­jen, difor eit kortare inn­legg i dag. Håpet er uan­skvett at det fell i smak…

Shelby White

Me star­tar med å pre­sen­tere porte­føl­ja til Shel­by White, ein fotograf og des­ig­nar som gjer sitt ytter­ste for å vise deg det beste av hans kvalite­tar innan desse to felta. Det gjeld også for innhaldet på bloggen hans.

Katastrofar innan bilethandsaming

Siste dag i året er syn­onymt med opp­sum­meringar. Det stem­mer også for feil­bragder innan bilethand­samin­gar. Abduzee­do har sam­la ein del frå det siste tiåret som nettstaden Pho­to­shop Dis­as­ters har pre­sen­tert på si side. Vel verdt eit besøk for ein aldri så god lat­ter!

Av den kommersielle typen

Eg sat­sar alt på at du ikkje er gått lei av alt som er av typografisk innhald, for Com­mer­cial Type er i til­legg til å vere ein god sam­lingstad for fine skrifter, osgå ei fryd for augo. Det gode samar­bei­det mel­lom Paul Barnes og Chris­t­ian Schwartz har blant anna ført til pris for skrif­ta dei laga til avisa The Guardian. Flinke folk der, alt­så.

Ikoner (kva ellers?)

Heilt på tam­p­en skal eit gratis ikon­sett frå PC Unleashed få æra av å runde av årets siste knask, samt årets siste inn­legg frå meg. Feir med måte i kveld!