God jul til deg frå meg!

Etter ein månad med 35 pros­ent fleire besøkande, og der 30 pros­ent kom direk­te frå Twit­ter, står no siste luke i julekalen­deren for tur. Som nem­nt i luke ein, skulle du få ei lita gåve frå meg i dag. Gåva kunne nok sikkert vore av større dim­men­sjonar, men tid og veg er ikkje alltid eins beste ven. Likev­el skal du få eit skrift­snitt frå mitt kom­mande skrift­sett kalla Tyg­gis. Skrift­set­tet skal etter pla­nen innehalde seks snitt; Light, Reg­u­lar og Bold, samt alle tre i kur­siv, når den ein eller annan gong vert fer­digstilt.

Under kan du snikkikke på nokre av teik­na som vil dukke opp i dei forskjel­lige snit­ta.

Etter pla­nen skal denne skrif­ta verte mi første skrift eg skal prøve å få sol­gt via ein eller annan inter­essert tilby­dar. Om den ikkje vert god­kjent nokon stad skal du ikkje sjå vekk i frå at du på bloggen min kan laste ned kom­plett skrift­sett!

Uan­skvett kva det vert til i framti­da skal du i dag få eit føre­handsvis­ningss­nitt av Tyg­gis Bold her og no som einaste plass i heile ver­da! Det vil seie at du kan bruke den fritt for per­son­leg bruk, men ikkje offent­leg, samt at du må ha skrif­ta installert på alle mask­inene som skal skrive den ut. Sikkert bajs, men slik er det berre…

Las­ta ned årets julegåve frå meg til deg ved å klikke her (eller under)!

No er det jul att!

Til slutt i dag vil eg berre få ynskje alle mine lesarar ei god jul, og håpe de vil kome innom neste fredag for årets aller siste knask! Kan love deg både ikon-pakkar og Pho­to­shop­fi­askoar i lange banar!