Pirrar det i juletrefoten?

Juletrefot eller ei, Typedepot har ei skrift du kan laste ned gratis frå deira nettsider. Det er kanskje ikkje så altfor pirrande i seg sjølv, men Piron Free er ei usedvanleg fin skrift, og det er nesten for godt til å vere sant at du kan laste denne ned utan å bruke opp dei siste krevande kronene til julehandlinga.

Har du allereie hanka inn alle gpvene du skal til jul, kan du jo alltis surfe rundt på nettsidene deira og finne andre godsaker blant skriftene deira som du kan laste ned gratis. Ikkje verst på vesle, vesle julaftan!