Originalen versus kopien

Helvetica vs. Arial er ein appli­kasjon som burde vere installert på alle typogra­fi­els­karar sine mobiler — sett at ein har iPhone då sjølvsagt. Denne appli­ka­sjonen skal skilje klinten frå kveita når det kjem til kven som kan typografien sin uskrivne regel nummer ein: Ser du skilnaden på Helvetica og Arial?

Dersom du er i små tvil og har lyst å få nokre gode hint på kva skilnaden er, bør du ta ein kikk på denne artik­kelen av I Love Typography.

Post gjerne dykkar toppskårar i kommen­tar­feltet under. Eg kan seie fyrst som sist at eg sjølv slit med å sjå dei største skilnadane, og kan ikkje akkurat skryte på meg den høgaste skåren...