Sinte typografiske feiltramp

Den er prisbelønna for sin perfekte skildring, gjennomførte 60-tals stil og gode dialog. Det er noko som heiter «Nobody’s perfect», og det gjeld TV-serien Mad Men også — i alle fall typografisk sett.

Mad Men er ein serie eg, og garantert mange andre rundt om kring simpelthen elskar. Det kan vere fordi eg jobbar i same miljø, sett vekk i frå alkoholinntaket på arbeidsplassen og andre ting man ikkje heilt bør gjere på eit kontor, men også for deira lekre bruk av typografi. Men det måtte jo vere noko som ikkje stemte, right?

Jo, sjølvsagt. Fo ei tid tilbake kom eg over eit innlegg av Mark Simonson som faktisk bekrefta ein av mine eigne oppdagingar. I introen til den prisbelønna serien la eg merke til at den fantastisk grelle skrifta Lucida Handwriting frå 1992 hadde «sneke» seg inn. Dette og annan feilbruk av skriftsnitt som ikkje var oppfunne på den tida serien eigentleg skal gjenspegle, kan du lese meir om i innlegget.

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.