Din skriftven

Er du ein designer som likar at skriftene fungerer i nettlesaren? Lyst å teste ut eigne skrifter i ditt design? Då har luka for dagen det rette verktyet til deg!

Soma FontFriend er ein bokmerkeapplikasjon som kanskje vert eit must for alle som er opptekne av typografisk eleganse på nettet. Denne litle saka funker slik at du kan sjekke forskjellige skriftpakkar på ei nettside. Du entrar sida, aktiverar applikasjonen frå bokmerkelinja (vel og merke berre støtta av Firefox) og du kan setje i gong og teste eigne skrifter og skape den perfekte nettstad.

Knotete forklart? Sjekk videoen over, den forklarar det nok litt betre enn meg…

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.