Welcome to the jungle!

Sjølv om det er sundag, har eg i dagens luke ei ny kjelde med typografisk inspirasjon til deg som kan vere verdt å bokmerke til vekestart!

Gjengen i PixelJungle Network har putta saman ein heidundranes samling av arbeid under kategorien grafisk design, bøker, utstillingar, minimalisme, modernisme og ikkje minst typografi. Førre setning var kanskje klipt og limt frå «About»-delen av sida, men etter å ha sett innhaldet på sida, vart eg relativ tom for ord…

TypoJungle lever verkeleg opp til namnet sitt; dette er ein jungel av fantastiske arbeid og ei nær sagt utømmeleg kjelde til inspirasjon!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.