Kalligrafi-multikunstnaren

Det er desember, og førjulstida er over oss med dets kjas og mas. Godt er det då at årets julekalender er fyllt til randen av typografisk innhald. Eg startar friskt med å vise deg ein som verkeleg kan kalligrafien sin!

Etter å ha vist denne til mi kone, fekk eg faktisk ein kalligrafipenn i gåve. Men i motsetnad til meg, lever og ander Luca Barcellona for kalligrafi — noko videoen over er eit godt bevis for. Denne karen har i tillegg til hans videosnutter på Vimeo ein heil røys med bileter på Flickr med kalligrafi og kunst, sprunge ut frå hans stødige hand.

Eg får finne fram pennen att og prøve å drodle ned noko. Eg ynskjer meg sjølv lukke til!

Årets julekalender

Som sagt så er det planen at årets julekalender skal bugne over av innhald relatert til mykje fantastisk typografi. Alt frå eksempler på trykk til prosjekter på nett — og på julaftan får du ei eksklusiv gåve du ikkje finn eller får andre stader!

Følg med kvar dag kl 10.00 fram mot jul!

9 Comments

@Vidar: Indeed!

@Joachim: Den sida var najs på mange måtar, herved putta i lenkje-arkivet :D

Og nei, du har ikkje avslørt noko — foreløpig i alle fall. Stikkordet for kalenderen er typografi og alt som kan puttast inn under den fanen. Kjekt du vil følgje med!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.