Kalligrafi-multikunstnaren

Etter å ha vist denne til mi kone, fekk eg faktisk ein kalligrafipenn i gåve. Men i motsetnad til meg, lever og ander Luca Barcellona for kalligrafi — noko videoen over er eit godt bevis for. Denne karen har i tillegg til hans videosnutter på Vimeo ein heil røys med bileter på Flickr med kalligrafi og kunst, sprunge ut frå hans stødige hand.

Eg får finne fram pennen att og prøve å drodle ned noko. Eg ynskjer meg sjølv lukke til!

Årets julekalender

Som sagt så er det planen at årets julekalender skal bugne over av innhald relatert til mykje fantastisk typografi. Alt frå eksempler på trykk til prosjekter på nett — og på julaftan får du ei eksklusiv gåve du ikkje finn eller får andre stader!

Følg med kvar dag kl 10.00 fram mot jul!