Slik får du grids i ein fei!

Eg har alltid vore ein tilhengjar av nettsider med ei viss form for struktur på designet, kall det gjerne grids. Det er mange måtar å få orden på desse linjene i ditt design, men no har eg funne nettstaden som gjer jobben enklare — møt Gridulator.

Gridulator er verket til Stuntbox, ei interaktiv design-sjappe, og er ganske enkelt genial. Du berre tastar inn den totale breidda du ynskjer i designet ditt og antal spalter du vil jobbe med. Som om det skulle vere rein magi endrar verdiane seg under desse to input-felta i ein blink!

Alt du treng gjere er å velgje det griddet som har spaltebreidda du er ute etter og laste ned. Putt det inn i Photoshop og kall deg vevmaster!

http://stuntbox.com/S

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.