Knask på ein fredag: September

Regnet og vinden er over oss som eit sikkert kjenneteikn på at hausten er på plass. Kva passar vel betre då enn litt digitalt knask på ein regntung fredag?

Dagens knask er vel mest prega av kvalitet enn kvantitet — mest grunna større arbeidsmengde i heimen og på arbeid, men også det at siste fredagen denne månaden kom ei veke for «tidleg»… Uanskvett skal det nok vere nok til deg som du kan kose deg med!

Det beste innan tysk design samla på ein plass

Design Made in Germany er til for å samle det beste av det beste frå alle designbyråer i Tyskland. Kvart byrå kan sende inn sine arbeider, og ein jury plukkar ut dei beste som endar opp som eksempelarbeide. Etter mine tyskkunnskaper å dømme, vert det også delt ut ein pris for beste bidrag i slutten av året. I tillegg å finne slike bidrag kan du også lese deira eige magasin som definitivt er gjennomført designmessig.

Dagdrøymar i gråtoner

Ivana Vasilj er ei spansk dame som nyttar tida si primært på veven. Ho er ein vevdesigner som arbeidar frilans. Dette vert gjenspegla på bloggen hennar med sakar som omhandlar vevdesign, HTML5 og CSS3. Bruk litt tid og lær deg småting som kan vere viktig i din kodekvardag!

Skal det vere eit LEGO-bord?

Reknar med at du endå ikkje er lei mine LEGO-saker, for her er nemleg ein finfin sak om eit møteroms-bord laga av 22.742 LEGO-klossar. Det er ikkje nytta lim mellom bitane, men det trengs jo ikkje når man har kvalitets-LEGO for handa?

Norwegian forvirrar kjøpeglade Bergensarar

Denne videoen er kanskje gamalt nytt, og det hender jo at det er fleire i min klubb som ikkje har fått den med seg. Norwegian har ikkje like mange direkteruter som konkurrenten SAS, men då dei i april i år skulle lansere seks nye direkteruter frå Bergen til Europa slo dei verkeleg på stortromma. Kvar dag i seks dagar gjorde dei om eit lokale i Bergen sentrum til ein ny butikk som skulle gjenspegle kvar av dei nye destinasjonane. Om det satte fart i salet av billettar veit eg ikkje, men tøft gjort, det er det!

Ikoner

Treng eg seie meir?

IsoIcons

Bixel Icons

Eller jo. Eg må trø til med litt tekst på denne. Tyler Galhin har veldig lyst å kome seg til Build-konferansen i november, men sidan dette kostar ein del pengar treng han ei hjelpande hand frå deg. Du kan ved å kjøpe eit av hans sett med ikoner få han eit skritt nærare målet!

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.