Horungar — eit sant mareritt

Ka farsken?

Horun­gar er på fint kalla lause eller forel­drelause lin­jer, men dei uttrykker lik­som ikkje skikke­leg kva det er snakk om. Hor er jo fyfy, så horunge mein­er eg det er best å omtale desse lin­jene for. Det er også det nam­net eg fekk forkynt under mi utdan­ning og læretid. Desse lause lin­jene dukkar diverre opp når du minst vil ha dei, og sjølvsagt øyde­leg­gjer dei for designet og sær­leg typografien.

Det finst fleire typar typografiske horun­gar. Dei to eg meinar du bør vite om er den tyske og franske. Eg skal i dag gje deg ei kort inn­føring i forskjellen.

Tysk horunge

Dette er den orig­i­nale, og ver­ste, typen av horun­gar der ute. Slike er verke­leg fyfy i grafisk design. Enkelt­ståande og avs­lut­tande tek­stlin­jer, som i eksem­pelet over, går under dette nam­net.

Fransk horunge

Avs­nitt som star­tar på siste lin­ja i ei spalte/side vert kalla franske horun­gar. Dette er fort­satt ufine lin­jer, men er i dag meir sosialt akseptert og kan gå til nøden.

Enker

I til­legg til horunger er det også noko som er kalla for enker. Dette er ord som kjem åleine på ei avs­lut­tande lin­je. Desse er, som franske horun­gar, også meir aksepterte i typografien, men eg job­bar alltid for å få bukt med desse i mitt daglege verke.

Ei oppmuntring til oss menn heilt på tampen

Som mann er det ikkje oppløf­tande lesning når man ser på nam­na desse typografiske utfor­dringane. Om det er dagens knappe tids­fris­tar som gjer at slike typografiske «ujamn­heitar» oftare og oftare dukkar opp er uvisst, men om det er nokon trøyst er du i alle fall ikkje åleine. Me som job­bar med (mengde)tekst finn alltid minst ein slik horunge i kvart magasin/avis me brekk om, til tross for kor­rek­turlesing opp og ned i mente…