Knask på ein fredag: August

“You are the CSS to my HTML”

Webdesigner Depot har samla ei heil røys, eller 25 om du vil,  med t-skjorter der motivet er retta mot oss designarar og utviklarar. Med påskrifter som “You are the CSS to my HTML” og “Will kern for food” er dette plagg eg lett kunne kjøpt og gått rundt i.

Inspirasjonskilda

Convoy er eit vakkert syn for augo med ein av dei mest fantastiske samlingar av motiv frå ting me omgjer oss dagleg. Alt frå interiør til portretter og klede. Etter å ha bladd meg gjennom den evig lange inspirasjonskilda av ein blogg, sit eg att med tanken: «Sånn vil eg også ha det!» Ikkje la denne gå hus forbi om du treng nokon nye tips til heimen. Tog du an?

The Hunch

Rasmus Andersson har visstnok følelsar for ting. Den leiande designeren av Spotify skal straks over dammen for å videutvikle Facebook — ein nettstad eg med sikkerheit kan seie inneheld mange følelsar, og det passar jo fint! Eg falt for denne nettstaden på mange nivå. Først og framst er den typografisk lekker, rein og oversikteleg. Fine fargar har den også. For det andre er den ganske lik mi. Om det er bra eller dårleg får du avgjere…

Mr. W.

Dette er ein av dei betre reklamane eg har sett på lenge. Eg må vel leggje til at eg ikkje har sett reklamer på ei stund sånn generelt sett, men denne er verdt å kikke på. Fin!

Vart videoen over for keisam, eller du vil ha ein liten pause i tittinga? Her er eit tips:

Open a Youtube video, pause it and hold the left arrow key for 5 seconds. Play snake.
Piraja

Wing Cheng

Wing Cheng er ein nederlender på 22 år som ser ut til å kunne sine saker. I alle fall om me skal tolke det utifrå den lekre heimesida/portelføja hans. Her kan du finne alt frå illustrasjonar til nettløysingar og grafisk design.

Inception — på LEGO-måten…

LEGO er ein fin oppfinning. Eg nemnte eit par i førre knask, men dets geniale enkelheit kan du sjå att i mange fleire kreative samasetningar rundt på nettet. For dei som har sett filmen Inception (eg er vel ein av dei få som ikkje har sett den) kjenner du vel kanskje att scena i biletet over. Profound Whatever og Ochre Jelly er to Flickr-brukere som nyttar ein del meir tid enn dei fleste på å gjenskape ting i akkurat LEGO, blant anna forskjellige scener frå denne filmen.

Ikoner