Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Font Bureau: Webtype

For dei av dykk som byrjar å gå lei av å måtte nytte standardskrifter i designet av ei nettside, berre for å blidgjere alle typer nettlesarar og operativsystem, kan eg i dag tipse om nok ein lovande skrifterstatter på veven: Webtype.

Webtype er, på lik linje med Typekit og Google Font Directory, ei teneste for å nytte skrifter på veven som du ikkje kan få til utan at brukaren sjølv har den aktuelle skrifta installert på sin datamaskin. Bak dette nye prosjektet, lansert 17. august, står Font Bureau saman med Ascender Corp.

Alt godt i livet er gratis, eller?

Både Webtype og Typekit er til ei viss grad ei teneste man må betale for å få full tilgong til alle skriftene i deira bibliotek. Den største forskjellen mellom desse to er at Webtype er basert på pris per besøkjande eller utifrå båndbreidda du har på nettstaden din.

Ein av fordelane som vert trekt fram er at det er mogleg å bla gjennom kategoriar basert på storleiken dei skal nyttast i. Bla deg gjennom katalogen deira for å sjå dette i praksis.

Men…?

Det er ikkje noko særleg å utsetje på denne tenesta, den virker enkel og grei i bruk: Du finn den skrifta du ynskjer å nytte, legg den i handlekurven og definerer kva for side/prosjekt den skal nyttast på. Du får ein liten kodesnutt du skal leggje inn, og voilà så har nettstaden din fått nytt ansikt.

Det er også full støtte for skriftene på f.eks. iPhone eller iPad for dei som måtte lure på det.

Anbefalt?

Prinsippa for alle desse tre typane eg har nemnt over er i utgongspunktet likt. Det er utvalget som skijler dei i det store og det heile — og det du ynskjer å betale for. Om du føler Google Font Directory ikkje klarar å dekkje ditt behov er det absolutt verdt eit forsøk eller tre. Som i butikken på hjørna har du her 30-dagars full returrett — eller prøveperiode om du vil øydeleggje ordspelet…

Summary in english:

Font Bureau: Webtype

Webtype from Font Bureau was launched on August 17th and is a font replacement service that uses the same principles as Typekit and Google Font Directory to view non-standard fonts on websites.

Read all about Webtype at their website!


2 ytringar

  1. ahhh, nice!!

    Aleksander Steffensen
    tysdag 24. august 2010, 1.38 · Permalenkje
  2. Takk for et godt tips :)
    Selv om jeg kanskje ikke er så god på det er jo typografi viktig.

    Stein Ove Helset
    tysdag 24. august 2010, 15.43 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional