Typografi til folket!

Det er ein skog av tekst der ute, og det vert ikkje min­dre av det for kvar dag som går heller. Då er det særs vik­tig at den tek seg typografisk godt ut om den skal ver­ta lagt merke til i meng­da.

For å starte rett på, får du eit sitat som ikkje kunne vore meir på spik­eren når det gjeld å finne den rik­tige skrif­ta til pros­jek­tet ditt:

Pro­tip for find­ing good fonts: Delete all your shit­ty ones.
Liam McK­ay

Typografi er ikkje det same som topografi…

Om du sit i sol­stolen og lurar på kva typografi er, kan gjen­gen frå The Art Insti­tute of Cal­i­for­nia fortel­je deg alt om dette i musikkvideoen under. Har du lyst å syn­g­je med kan du også finne songtek­sten på nettstaden for pros­jek­tet.

Ikkje din type?

Eg har ein forkjær­leik til t-skjorter med eit teit eller artig bud­skap og i sær­leg grad dei som viswr bud­skapet via tekst. Om Ari­al, Times New Roman eller Com­ic Sans ikkje er din type, stikk inn på _not my type og skaff deg eit heftigt antrekk i form av ei t-skjorte eller ein het­te­genser.

Møt din type!

Om du føler at t-skjorter ikkje er din type uttrykks­form for typografi, sjekk heller ut dette 52-siders heftet hjå Font Shop. I dette heftet, som du både kan sjå på net­tet eller kjøpe i fast form, finn du mengder av inspi­rasjon og veiled­ning for å finne fram til den store «hugleiken»: Typografien.

Ingen grafikk betyr meir plass til tekst

Treng ei nett­side grafikk? Både ja og nei, men det som gjelder for ei nett­side er generelt det å formi­dle eit bud­skap. Det vik­tig­ste for Ryan Urban og hans enkelt­manns­føre­tak fringe. er defin­i­tivt det å formi­dle eit bud­skap utan å nytte grafikk.

Gratis er ein fin eigenskap

Sjølv om man alltid skal belønne den kreative biten av skrift­de­sign, er eg glad i å finne gode skrift­ty­par som man kan laste ned gratis og til meir eller min­dre fri bruk. Under har eg sam­la enkelte du kan nyte i ditt neste pros­jekt:

Dekar

Skrif­ta Dekar kan du laste ned og bruke til kva du vil (les gjerne denne PDF-en), og sidan den er Open­Type funker den like bra på PC som Mac. Fin er den også.

Deja Rip

Deja Rip er ei lekker skrift med mange bruk­som­råder, men kostar litt småpeng. Fortvil ikkje! Det som er så fint med denne, er at du  men du kan laste nettvari­anten av skrif­ta heilt utan kost­nad! Sjekk ut Deja Web her!

Arcus

Arcus er nok ei lekker skrift, og du kan kjøpe/laste ned stan­dard og kur­siv-utgåvene av denne skrif­ta hjå MyFonts. Makan til giver­glede!

Ampersand

Det er sjel­dan du finn gode og fine skriveskrifter installert på din data­maskin når du kjøper den. Com­ic Sans og Brush Script er verke­leg ikkje noko å bruke om du vil at plakat­en, dik­tet eller kva du lagar til, skal skil­je seg ut i meng­da. Det finst mange gode hand­skrifter der ute som du kan nytte deg av, gratis! Amper­sand er ein av dei du bør ha på mask­i­na di før du slår den av i dag. Den er enkel, men bug­nar over av særeigen­heit!